HJELP: Friviljuge frå Stefanusalliansens partner Resurrection Church kasta seg rundt for å hjelpa. FOTO: RESURRECTION CHURCH BEIRUT

Gud, Libanon og katastrofen

KOMMENTAR Det vesle landet Libanon er på randen av kollaps. Kvar er Gud i katastrofen?

Libanon er eitt av dei 15 landa som etter tradisjonen vert rekna som vogge for menneskeslekta. I Det gamle testamentet finn vi mange og sterke tekstar om Libanon, ikkje minst i profetlitteraturen. Salomo dikta om sedertre, og han skaffa libanesiske sedertre då han bygde tempelet i Jerusalem.

Landet, i dag klemt inne mellom Middelhavet, Israel og Syria, var i fleire hundre år ein del av det ottomanske (tyrkiske) riket som braut saman under første verdskrigen. Etter at britane og franskmennene hadde delt viktige restar av det muslimske verdsriket mellom seg og styrt på vegne av Folkeforbundet (FNs forgjengar i mellomkrigstida), oppstod det nye nasjonalstatar. Libanon var ein av dei, fri frå fransk styre i 1946.

Sekterisk
Franskmennene favoriserte dei kristne i Libanon. Styresettet vart laga for å sikra kristne posisjonar. Landet fekk eit politisk system som baserte seg på at halvparten av folket då var kristne. I dag er halvparten av medlemmane i parlamentet kristne, den andre halvparten er muslimar. Presidenten er maronittisk kristen, statsministeren er sunnimuslim, leiaren i parlamentet er sjiamuslim, og visestatsministeren er gresk-ortodoks.

HÅP: Friviljuge frå den kyrkjelege hjelpeorganisasjonen Merath gjev medmenneske håp. Foto: MERATH

Libanon har alltid hatt noko ved seg som andre arabiske land ikkje har hatt. Beirut er blitt kalla «Midtaustens Paris». Etter at eg nemnde dette i ein kronikk om Libanons kollaps og katastrofe, fekk eg e-post. Skrivaren refsa meg for ikkje å ha skrive at Libanon var slik fordi landet «var et kristent land».

Så lettvint kan makt i Midtausten analyserast. Det er heilt rett at Libanon har hatt og har ei stor kristen folkegruppe og at dette pregar landet. Men på den andre sida har landet store interne konfliktar som systemet ikkje har evna å løysa.

Krig og massakre
Det tok  tre tiår frå Libanon vart sjølvstendig til det braut ut borgarkrig. Det fører for vidt her å analysera dei grufulle 15 åra frå 1975 til 1990. Men kristne militsar stod også for grufulle overgrep, som då falangistmilitsen i 1982 gjekk inn i dei palestinske flyktningleirane Sabra og Shatilla i Beirut og massakrerte hundrevis av sivile på jakt etter ein PLO-milits dei mistenkte for å ha myrda den kristne presidenten. Utanfor leirane stod israelske soldatar som gav falangistane 36 timars arbeidsro til å lemlesta og drepa.

Massakren er ein skamplett.

Kyrkjeleg «krigsagenda»
Den maronittiske kyrkja, den største kyrkja i Libanon, hadde under borgarkrigen i praksis ein «krigsagenda». Det gjaldt å passa på interessene til sine eigne. Kyrkja var taus og hadde – med nokre heiderlege unntak – ingen sosial agenda.

Libanon tok ikkje noko oppgjer med fortida då borgarkrigen tok slutt. Krigsherrane gjekk frå slagmarka til parlamentet og styrte vidare med grunnleggjande sett den same agendaen, i eit sekterisk politisk system.

Landet har vore herja av invasjonar og okkupantar og ytre makter. PLO, Israel og Syria gjorde sitt under og i dei første åra etter borgarkrigen. I dei siste to tiåra har Iran prøvd å dominera Libanon gjennom den sjia-muslimske Hizbollah-militsen, ein «stat i staten». Saudi Arabia har støtta sunnimuslimske krefter.

Vanstyre

KNUST: I Beirut har alle feia knust glas etter katastrofen. FOTO: RESURRECTION CHURCH BEIRUT

Men Libanons eigne klanar og krigsherrar har sjølve mykje å svara for i korrupsjon og sekterisk politisk vanstyre. Krigsherrane slapp å ta oppgjer med krigsovergrepa frå borgarkrigen. Når folk går til val, røystar dei på sine krigsherrar av frykt for krigsherrane til dei andre. Dette systemet krev Stefanusalliansens vener i Libanon ein slutt på.

Det er ikkje rart at krigsherrane ikkje vil sleppa til uavhengige ekspertar som kan få fram sanninga om kvifor 2750 tonn høgeksplosivt materiale vart liggjande seks år i hamna og så eksploderte og la Beirut sentrum i ruinar, drap 200, skadde 5000–6000 og gjorde 300 000 heimlause. Krigsherrane skuldar på kvarandre og løyner kva tragedien skuldast.

Katastrofen kom på toppen av ei djup politisk krise, ei økonomisk krise og ei helsekrise. Libanon var på kanten av kollaps også før katastrofen 4. august.

Kristent vitne
Kva inneber det å vera kristen i Libanon? Å ha ein maronitt i presidentpalasset eller å ha halve parlamentet gjer ikkje Libanon til noko «kristent land». Presidenten sjølv er maktpolitikar så det held – han var med under borgarkrigen og gjekk i eksil under syrisk okkupasjon fram til 2005. I dag er han støttespelar for Syria i allianse med Hizbollah-militsen.

Kvar er Gud? Utan tvil blør Guds hjarta for Libanon, skreiv Elie Haddad ved Arab Baptist Theological Seminary i Beirut etter katastrofen. Han såg Gud i dei mange som tok til gatene for å sopa knust glas og gje mat, tak over hovudet og trøyst til desperate heimlause. «Det er lett for oss å identifisera det vonde i menneske som er borte frå Gud. Men i dag lærer vi å kjenna att biletet av Gud i menneske over alt i Beiruts gater», skreiv han.

Elie Haddad vaks opp under borgarkrigen då «kyrkja stort sett var taus og gøymde seg». Slik er det ikkje i dag. «Gud har forvandla kyrkja si til å bli eit vakkert uttrykk for Guds kjærleik til menneska».

Stefanusalliansens tre partnarar i Beirut kasta seg også rundt for å gjera det dei kunne for å hjelpa. Slik kan vi sjå Guds fingeravtrykk – midt i katastrofen.

Johannes Morken er redaktør i Stefanusalliansen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.